mai 192012
 

AIK tapte i dag 2-4 heime for eit Tertnes som før dagens kamp stod utan poeng og med berre 5 scorte mål på fem kampar. AIK let dei nesten dobla dette talet. Oransjetrøyene står dermed med nedslåande fire poeng på seks kampar og er offisielt eit botnlag.

Elendige klareringar skapte mål for Tertnes. Her scorar dei 0-3, etter at boksinga til AIK-keeper Njåstad datt ret i beina på ein Tertnes-spelar. Tord Harald Skår er sjanselaus til å avverga.

Meir om den nedslåande kampen kan du lesa i avisa på torsdag.

Mål: 0-1 Erik Hornnes 30. 0-2 Henrik Reigstad 54,  0-3 Henrik Reigstad 60, 1-3 Frode Storebø 73, 2-3 Trond Heggestad str. 78, 2-4 Erik Hornnes 90

AIKs lag (4-4-1-1): John André Njåstad – Brede Storebø, Alexander Dale. Øystein Storebø. Edvard Johannes Hevrøy (Ørjan Haugland 83) – Kurt Hovland, Adrian Hovland (Henrik Melingen 61), Inge André Rabben, Kristoffer Østervold ( Frode Storebø 58)- Tord Harald Skår – Trond Heggestad

GK, AIK: Øystein Storebø