mai 242012
 

Austevoll kraftlag gjekk så det spraka i fjor.  Partshavarane haustar delar av vinsten, og får til saman 1,2 millionar i kjøpsrabatt i år.

 

Det går så det susar for Austevoll kraftlag, her representert ved Per Espen Vik. Verksemda betalar no ut 1,2 millionar kroner i kjøpsrabatt.

Når årsmøtet i Austevoll kraftlag går av stabelen i dag, kan styreleiar Reidar Vik kosta på seg eit smil. Verksemda går nemleg så det gnistrar.  I fjor meir enn dobla dei driftsresultatet samanlikna med året i førevegen, og enda på 7,5 millionar kroner mot berre 3,4 millionar i 2010.

– Me har vore særs flinke på kostnadssida, og har effektivisert drifta. Det går stort sett litt betre over heile fjøla når det kjem til drift, konstaterer ein nøgd Reidar Vik.

Eigarane si verksemd

Likevel fører den internasjonale finanskrisa til eit negativt finansrekneskap: Minus 3,5 millionar kroner, mot pluss 2,2 millionar kroner i 2010. Når det skal trekkjast to strekar under det totale resultatet for 2011, viser det 3,85 millionar i overskot. Partshavarane får etter styret si innstilling 1,2 millionar av desse pengane skal gå attende til abonnentane, i form av kjøpsrabatt. Per hustand vil dette utgjera mellom 700 og 800 kroner.

– Det er viktig å gje noko attende til eigarane våre, partshavarane. Som styre, er det trass alt partshavarane i Austevoll me representerer, seier Vik, som legg til at styret samstundes tilrår at det vert løyva 250 000 kroner til lyssetting av turvegen kring Vinnesvatnet, og at det vert gitt 300 000 til rentestønad til fleirbrukshallen på Selbjørn.

 

Kvinner inn i styret

Det tidlegare særs mannsdominerte styret i Austevoll kraftlag, ser ut til å auka delen av kvinner monaleg. Styremedlemmane Heine Møgster og Nils Aarland vert erstatta med Grethe Drønen Ringdal og Elisabeth Ø. Hufthammer, dersom innstillinga til valkomitéen går igjennom. Komitéen rår òg til at Reidar Vik får halda fram som styreleiar.

Dotterselskapet Austevoll vatn og avløp BA, går òg godt, med dryge millionen i resultat før skatt, noko som gjer at eigenkapitalpotten har vekst seg til titalt 18,6 millionar kroner.

 

 

Bt: