mai 252012
 

Solveig Alvsaker og Kari Berge har oppstilling med brosjyrer og streikeinformasjon utanfor Austevoll offentlege servicekontor

Tysdag tek Fagforbundet ut endå ni i streik, denne gongen går det på skulane.

I dag er dei 21 streikande fordelt på kontor og administrasjon, vaktmeistertenester, feiar og reinhald. Slik er lærarstanden samt pleie- og omsorgstenesta foreløpig ikkje påverka av streiken kan streikekomitéleiar Karen Tvinge melde. Men på tysdag vil skulane mista assistentar samt reinhaldsarbeidarar. Rådmann Rolf Nøstdal fryktar at det vil kjennast mest i Skulefritidsordninga på Storebø.

– På Austevoll offentlege servicekontor syner streiken mest i det at telefonen er ubemanna, kundemottaket stengd og det same med postmottaket.
Politiet er ikkje streikande i Austevoll, og trass i at feiaren har ein stilling i brannetaten i Austevoll vert ikkje brannberedskapen påverka. Men sjølv om skulane mister assistentar, vil ikkje lærarane verte teke ut til streik her i Austevoll, og det er stor iver og jubel over at dei munnlege eksamenane vil gå som planlagd blant elevane på Austevoll ungdomsskule.

Streikekontoret i Austevoll, tidlegare spisebordet til Karen Kvinge. Foto: Karen Kvinge