mai 292012
 

Austevollherrane var det klart mest velspelande laget mot Bjarg i går, og kunne i ei meir rettvis verd karra til seg sigeren mot blåjakkane. Eit noko heldig straffespark gjorde at vertane til slutt utlikna leiinga AIK hadde skaffa seg ved Tord Harald Skår.

Tord Harald Skår feirar AIK-leiing, eit drygt kvarter inn i andreomgangen. Diverre skulle den fortente leiinga ikkje vara heilt inn.

 

Bjarg – Austevoll
3. div, avd 7, Stavollen 28. mai 2012
0-1 Tord Harald Skår 62
1-1 Jan Tore Torgersen str. 75
AIKs lag (4-4-2): Simen Bratten Gjøvåg 7 – Henrik Melingen 6, Øystein Storebø 6, Alexander Dale 7, Edvard Johannes Hevrøy 6 – Inge André Rabben BB 8, Brede Storebø 7, Adrian Hovland 6 (Trond Heggestad 77), Kristoffer Østervold 6 (Ørjan Haugland 82)– Kurt Hovland 6, Tord Harald Skår 7

Gule kort, AIK: Adrian Hovland, Brede Storebø