jun 072012
 

Skipsteknisk har teikna den nye giganten til reiarlaget ved Bakkasund. Kontrakten mellom Bergen Yards og North Sea Shipping er verdt fenomenale ein milliard kroner.

North Sea Shipping med Klepsvik-brørne og Aksel Økland i brodden har skrive kontrakt på leveranse av eit skip til ein kostnad på ein milliard. Skipet, som er teikna av Skipsteknisk i Ålesund, skal leverast i slutten av 2014. Konstruksjonsstøttefartøyet får ei lengde på 142 meter, breidde på 27 meter og lugarkapasitet til eit mannskap på 120.

– Me har god tru på marknaden innanfor sub sea, og har klare indikatorar for at byeskipet får charter heilt frå starten av, seier Hallvard Klepsvik, som er administrerande direktør i North Sea Shipping. Han fortel at reiarlaget bestemte seg for Bergen Group, då konsernet til Magnus Stangeland var best på pris og leveringstid. Bakksundarane har historisk sett ofte gått for spanske verft.

Kranutrustinga vil gje fartøyet kapasitet til å handtera løfteoperasjonar ned til 3 000 meter.