jun 072012
 

Forskarar konstaterer at nøkkelpersonar sine eigenskapar, nettverk og vilje til å finna raske løysingar på utfordringar er noko av årsaka til at enkelte kommunar i distrikta veks.

Fiskeri og oppdrett er hovudnæringar i Austevoll, men kan ikkje åleine forklara suksessen til Austevoll. Arkivfoto.

 

Gjennom gransking av Austevoll og 14 andre suksessrike distriktskommunar, er Telemarkforskning komen fram til at rette personar på korrekt stad, gjev resultat. Når menneske frå næringsliv, kommunesektor og dei frivillige organisasjonane trekkjer saman, vert det skapt eit handlingsrom. Alle snakkar med alle, er gjennomgangstonen i alle kommunane som er undersøkt. Dette gjev igjen fleksibilitet og evne til å gripa høve som byr seg.

– Me har lenge visst at det gjeld å snu seg rundt, ha eldsjeler og ein kommune med ja-haldning, men det er klart at det er viktig å få det dokumentert av vitskapen, seier ordførar Helge André Njåstad. Verdien av rapporten kjem fyrst og fremst i marknadsføringa av øyane, men eit nyttig dokument å ha med seg elles òg, meiner Njåstad. Ordføraren er òg glad for at rapporten slår fast at tersklane til kommunehuset er låge for øyane sitt næringsliv.

 

Suksess

Austevoll vart plukka ut som studieobjekt fordi øyane på 2000-talet har scora høgt, under utvikling av basisnæringane. Total sett analyserer Telemarkforskning vekst innanfor felt som busetnad, verksemder og besøk utanfrå som essensielle i definera utviklinga. Suksessen vert definert i studia som ein kombinasjon av sysselsettingsvekst og befolkningsutvikling. Av norske distriktskommunar er det berre Træna som scorar høgare på parameterane som definerer suksessen, trass i at øyane scorar lågt på besøk, og er nede på 14.-plass på bustadskommunescoren.

Austevoll har høg grad av bransjespesialisering, går det fram av forskinga, men har redusert avhengigheita av hjørnesteinsverksemder dei siste åra. Kommunen vår er dermed motstraums, i det som er tilfelle med dei andre kommunane i undersøkinga. Likevel er øykommunen relativt sårbar for konjunkturar innanfor fiskeri og oppdrett.

 

Ungt nettverk

Interessant nok har Austevoll det yngste nettverket i studiekommunane, men dei fleste av dei unge er meir i periferien. I vår kommune har alle neste dei viktige personane nettverket budd i kommunen i meir enn ti år. Her kjem òg eldsjelene fram.

Hege Lauvik, som har representert Austevoll næringsråd i arbeidet med rapporten, er samd i funna.

– Bak mykje av næringsetableringane og vidare knoppskyting, ser me ofte at det er flinke og sterke einskildindivid. Dette gjeld ikkje berre i næringslivet, men og i velforeiningar og organisasjonar, seier Lauvik.

Arbeidsinnvandring har òg spelt positivt inn for dei fleste kommunane, spesielt der dei har lagt til rette bustadar og med integreringstiltak for å stimulera tilflyttarane til å verta verande.

 

TrH

 

Bt: