jun 092012
 

Austevoll synte god krigarvilje då dei kom attende etter å ha lege under med både 0-2 og 2-3 borte mot Stavanger.

Heggestad rundar keeper og reduserer til 1-2.

AIK likar ikkje å gjere det enkelt. I ein kamp der dei hadde kontroll på både spel og sjansar, vakna dei fyrst då dei låg under med to mål. Fyrst lurte Trond Heggestad seg inn bak SIF-forsvaret, runda målvakta og rulla ballen enkelt over mål. Så flaug Frode Storebø opp og stanga inn utlikninga etter eit Heggestad-innlegg.

Men då AIK jaga sigersmålet sneik Joachim Baardsen seg fram og scora sitt og lagets tredje mål. Dermed kunne Øystein Storebø berre juble for eitt poeng då han raga høgast og stussa inn AIK sitt tredje mål to minutt på overtid.

 

Stavanger-Austevoll 3-3 (1-0)

Mål: 1-0 Joachim Baardsen (16. minutt), 2-0 Joachim Baardsen (50.), 2-1 Trond Heggestad (52.), 2-2 Frode Storebø (67), 3-2 Joachim Baardsen, 3-3 Øystein Storebø (92)

Gule kort:

Inge Andre Rabben og Alexander Dale, AIK. Rebat Mirza, SIF.

 

AIKs lag (4-4-1-1): John Andre Njåstad 6 – Henri Melingen 5, Øystein Storebø 7, Alexander Dale 6, Edvard Johannes Hevrøy 5 – Frode Storebø 6, Brede Storebø 5, Inge Andre Rabben 6, Joakim Melingen 5 – Tord Harald Skår 5 – Trond Heggestad 6.