jun 152012
 

AIK tok tre særs velfortente poeng mot eit relativt slapt Avaldsnes-lag, som dei oransje delvis utklassa i dei offensive delane av spelet. 3-1 vart sluttresultatet, etter at Andreas Risøy sette spikeren i kista til karmøybuane på overtid.

AIKs venstreside ved Edvard Johannes Hevrøy og Håvard Vassnes var særs gode i periodar. Hevrøy sitt skot sytte for enkel jobb for Heggestad og 1-0, medan Vassnes skrudde corner rett i mål til 2-1.

Kampfakta:

Austevoll – Avaldsnes 3-1

3 div, avd 7, Austevoll kunstgras 15. juni 2012

Mål: 1-0 Trond Heggestad 24, 1-1 Einar Utvik jr 28, 2-1 Håvard Vassnes 33, 3-1 Andreas Risøy 90.

AIKs lag (4-4-1-1): John André Njåstad 6 – Henrik Melingen 6, Øystein Storebø 7, Alexander Dale 6, Edvard Johannes Hevrøy 7 – Frode Storebø 7, Kurt Hovland 5 (Christian Møgster 75), Brede Storebø 6, Håvard Vassnes BB 8 (Inge André Rabben 78)- Tord Harald Skår 6 – Trond Heggestad 6 (Andreas Risøy 84)