jun 212012
 

Der hav møter land. Der sommarkveldslyset er som filtert gjennom rav. Der havørna slår med vengjene sine. Austevoll vil garantert inspirera kunstnarane som kjem til symposiet i Hengjo.

– Lyset her ute er unikt. Det hav møter land på denne årstida … Dessutan står motiva i kø, seier Bjørn Wefring som både er organisator frå Austevoll kommune si side og deltakar i symposiet. Bergensaren har dagleg fått spørsmål frå kunstmålarane som ivrar etter å komma ut til skjergarden vår og festa motiv til lerretet.

– Noreg har alltid vore flink til å visa fram fjordane våre, men det me har lengst ute i skjergarden er minst like unikt. Me har von om at opplevinga ved symposiet skal setja spor i kunstnarane og inspirera endå fleire til å koma ut her, konstaterer kunstmålaren som er tilsett i Austevoll kommune som spesialrådgjevar. Wefring peikar i retning av at losering av kunstnarar i gamle sjøhus fort kan bli ein veksande geskjeft, og viser til at natur og lys i øyriket er rimeleg garantert til å vera etterspurd i kunstnarsirklar.

Ta kontakt

Symposiet er kome i stand etter initiativ av Jostein Blænes med assistanse frå Arne Mæland, som har laga ein tradisjon av bilethoggarbiennalen i Os. Mæland, kjent lokalt som mannen bak mellom anna Sildajento i Bekkjarvik, har invitert og valt ut deltakarane. Dei spenner frå Australia, Syria, Spania , Italia, Austerrike og Noreg.

– Kunstnarane er førebudde på at folk kjem og tek kontakt og gjerne spør dei om verka deira, seier koordinator Wefring. Han reknar med at kunstnarane, som går i gang med arbeida sine i morgon, kjem til å arbeida frå nitida og utover. Tolvtimarsdagar er ikkje uvanleg i kunstnarkrinsar. Heimelaga bakverk har vore ein kontaktskapar i Os, kvalitetar som kardemomme og kanel treff på tvers av nasjonalitetar.

Dei tolv kreative sjelene får òg sett seg om kring i kommunen. Sjåverdigheiter frå Kalve i nord til Stolmen i sør, med innlagt lunsj på Kulturbakeriet står på menyen, før det vert offisiell opning ved ordførar Njåstad. På programmet står òg cruise med «Midthordland» på sankthansaftan, før det heile kulminerer om ei veke med trekking av bilete for dei som har gått inn som kjøparar.

Trond Hagenes

Enno er lerretet nakent, men med unikt kystlys og eit rikt utval av motiv varar det nok ikkje lenge før kunstnarane er i flytsona.