jun 222012
 

Austevoll viste litt av kva som bur i laget då dei kjørte over botnlaget Skjold i deira eiga leikegrind. Etter ein slapp fyrsteomgang, gira dei oransje opp eit par hakk og valsa over laget frå Rogaland. Berre ineffektive avslutningar stod i vegen for ein storsiger.

 

Inge Andre Rabben sjefa på midtbanen. Foto: Lars Tore Klepsvik.

Skjold- AIK 1-3 (0-0)

Mål: 0-1 Frode Storebø (53.min), 0-2 Trond Heggestad (59), 0-3 Kurt Hovland (71) 1-3 Thor Andre Ingebrigtsen (89)

Gult kort: Steffen Helgeland (Skjold)

AIKs lag: John Andre Njåstad – Henrik Melingen, Øystein Storebø, Alexander Dale, Edvard Johannes Hevrøy – Frode Storebø, Brede Storebø, Inge Andre Rabben, Håvard Vassnes (Trond Heggestad 57) – Kurt Hovland, Tord Harald Skår