jun 262012
 

Onsdag mønstrar Os opp på Eidsbøen. Serieleiaren møter eit AIK som etter ein nedslåande sesongstart, har vist betre taktar dei siste kampane. Trond Heggestad trur lagkameratane er godt tente.

Blir det jubel for Trond Heggestad, Joakim Melingen og Christian Møgster onsdag? Arkivfoto.

Onsdag gjestar serieleiarane Os Eidsbøen. Sist Os og AIK møttest var i playoff-kamp til andredivisjon for tre sesongar sidan, der austevollingane etter heroisk kamp vart slått av Os på målstreken over to særs dramatiske oppgjer. No er begge klubbane attende i tredjedivisjon, men osingane har så langt strak kurs mot opprykket.

Tidlegare toppscorar Trond Heggestad melder om at hans eigen form er stigande, men innrømmer at laget har underprestert på dei aller fleste plassane. Noko djupare analysa av kvifor det har butta slik i mot i returen frå andredivisjon, har siddsien likevel ikkje.

– AIK har hatt ein tendens til å prestera aller best mot topplag, så eg reknar med heile gjengen er skikkelig tente på å visa at me kan vera vel så god som dei som topper avdelinga, melder Heggestad til Marsteinen. Spissen har tre spelemål på dei tre siste kampane, og vonar at det løsnar skikkeleg snart.