jun 282012
 

Georg Kenneth Fedøy let seg ikkje vippa av pinnen sjølv om varene tek seg god tid. I morgon vert det opning på Bekkjarvik torg.

FULLVERSJON: Nabolagets vennlege varmepumpemontør opnar butikk i Bekkjarvik i morgon, men har framleis ledig hylleplass. Mykje ledig hylleplass.

Fiskaren som tok elektrikarutdanning frå sjøen, og gjekk på land for å driva med varmepumper på heiltid fekk brått mykje å gjera på. Under eitt år etter seglarlua kom på knaggen har han fått ein lærlingstab, utvida til full elektromontør og overteke dei gamle lokala til Amalie i Bekkjarvik. Kva som skal vera i butikken er ikkje godt å døma ut i frå hyllene tysdagskvelden, men Georg Kenneth Fedøy slepp ikkje det avvæpnande smilet av den grunn.
– Me har vel fått om lag 30 prosent av det me skal ha i butikken til opninga så eg trur me må taka natt til fredag til hjelp. Eg ser no at me satsar mykje på lys her i butikken, ler han. Men det er ikkje berre spøk, for med ein handfull leverandørar nye for Austevoll, og ein butikk som skal vera like mykje galleri som utsal er det mykje friske lampar å sjå.
– Butikken skal vera ein stad der kundane kan koma inn å få sjå kva vi kan montera heime hos dei, ikkje berre av vaskemaskinar og lys, men òg stikkontaktar, brytarar og andre detaljar. Det er ikkje alltid så effektivt å syna folk frå katalogar, og her kan dei halda ting i eigne hender før dei kjøper, reflekterer Georg framfor utstillingshylla som rett nok er tom, men skal på fredag romma alle dei ulike løysingane til veggar, tak og golv. Stasinga er i all hovudsak varer som ein ikkje finn i Austevoll i dag, og med edb-utdanna Christian Drivenes parat i butikken på dagtid, er målet å få ei oppegåande mobil- og dataavdeling òg. Om ikkje alle LED-lysa eller oppvaskmaskinane er på plass til fredagen er i alle høve kaffimaskinen med eige kakaoprogram omhyggjeleg utprøvd og klar for innrykk.

 

Marius Løbø Fimland