jul 122012
 

Førre veke var Espen Mills og Andreas Kalvik Anderson innom Storebø på turen sin frå Svinesund til Grense Jakobselv. I ein 16 fots båt.

Då fiskelykka utanfor Stavanger ikkje var til å skryte av, tok kameratane i fjor sommar ein impulsiv tur til Bergen i ein 15 fots båt – for å kjøpa pølser på Trekroneren. Det var då dei byrja å snakka om kva neste sprell skulle vera.
Etter å ha planlagt turen i om lag eit år, la karane frå kai i Svinesund den 1. juli. Med sponsa Buster-båt, telt og kartplottar, er målet er å vera ved Grense Jakobselv og Russlandsgrensa den 25. juli.
– Då me faktisk vera framme; flyet vårt til Stavanger går den dagen, og eg har invitert til 30 års-lag same kveld, seier Espen, som vil få unnagjort slike ungdomssprell før han blir vaksen.

Andreas Kalvik Anderson og Espen Mills var innom Storebø på ferda si.