jul 122012
 

Sjøfugl, oppdrettsanlegg og mat frå europameisteren skal trekka små cruiseskip og superyachtar til Bekkjarvik.

Førre veke var superyachten ”Mary Jean” i Bekkjarvik. Luksusbåten er den fyrste som kjem til Austevoll gjennom den nye satsinga, prosjektet Cruise destination Bekkjarvik. Prosjektet er eit samarbeid mellom Austevoll reiselivslag, Austevoll kommune og lokale næringslivsaktørar som driv innan handel og turisme, og har som satsingsområde å få cruiseskip og superyachtar til hamn og i land. Då må ein lokka med unike aktivitetar.

Må vera kreative

Fiske med lokale fiskarar, mating av sjøfuglar på kloss hald og omvising på eitt av Lærøy Vest sine oppdrettsanlegg, var det dei fire australske gjestane om bord i ”Mary Jean” fekk med seg i løpet av det vesle døgnet dei var i Austevoll.
– Det var kort tid til å planlegga dette besøket, men me hadde ein god dialog med kapteinen om kva me kunne tilby dei her, fortel Vibeke Møgster frå Bekkjarvik gjestehamn. Ho seier det er viktig at tilboda for slike turistar er kvalitetssikra, og at det alltid er kvalifiserte folk på plass til å utføra dei ulike oppgåvene.
– Difor må ein vera ganske fleksibel, spesielt no når prosjektet er i innkjøringsfasen.
Cruiseekspert og tidlegare turistsjef i Bergen, Ola Hiis Bergh, er med som konsulent i Cruise destination Bekkjarvik. Gjennom agentar i cruisenæringa vert hamna marknadsført som sjølve destinasjonen, og så er det opp til reiselivslaget og næringslivet i Austevoll å tilby dei unike opplevingane.
– Me må vera kreative og by på spennande aktivitetar og produkt til kjøpesterke kundar. Det er absolutt ein ny og svært interessant marknad for turismen i Austevoll, seier Møgster.
Reiselivslaget venter no på seglingsplan for eit par båtar til, og håpar på at dei kjem innom Bekkjarvik på turen.

Gjestane førre veke var i alle fall nøgde.

– Bekkjarvik is the best port we have visited i Norway, uttalte kapteinen på ”Mary Jean” overfor Ola Hiis Bergh.

Superyachten ”Mary Jean” var førre veke den fyrste luksusbåten som kom til Austevoll gjennom prosjektet Cruise destination Bekkjarvik. Foto: Kato Hammervold.