jul 262012
 

Fotball: Han vert rekna som ein av Noregs fem beste gutespelarar i årsklassen sin. Dermed ventar den norske landslagstrøya og nordisk meisterskap på Joachim H. Bjånesøy (16).

 

Joachim H. Bjånesøy er landslagsspelar for G16-landslaget, men kosar seg med Dana cup i desse dagar. Foto: Anne Berith Drønen/AIK.

Ingen kan seia noko på talentet til unge Joachim frå Kolbeinsvik. AIK-aren har spelt seg inn i landslagsleiinga sine hjarterøter og vert med til den opne nordiske meisterskapen på Færøyane. Landslagsjef Bård Flovik ausar påmed godord.

– Me er imponerte over intensiteten hans, som gjer at han kan dekka store delar av banen, seier Flovik til Marsteinen. I meisterskapen er Noreg i gruppe med England, Finland og Færøyane. Vinn dei gruppa vert det finalespel.

– Alle dei 17 gutane som er tekne ut får godt med speletid, konstaterer Flovik, som legg til at Joachim er var ein fem gutar som vart silt ut til å vera gode nok for den sentrale norske midtbanen i hard konkurranse med fleire andre. Austevollingen imponerte dermed då Noreg hadde 36 gutar på prøvespel den siste veka i juni.

Sjølv er 16-åringen oppglødd over å bli teken ut på landslaget.

– Det betyr mykje for meg å komma inn på landslaget, noko som har vore hovudmålet mitt dei siste to-tre åra. Dessutan set meg små mål som eg skal klara heile tida. Fyrste målet mitt var jo å få komma med til Porsgrunn å få spela mot landslaget, der var eg jo den 27. juni – 1. juli, forklarar han.

Han fekk spela sentral midtbane i ein kamp, og synst han spelte ganske bra, og satt igjen me ei god kjensle då han reiste heim att. Trenarane snakte mykje til meg å sa eg va nærmt landslage i tillegg, so når eg endeli fekk bekreftelsen på at eg kom inn, blei eg veldig glad.

 

Lovar meir speletid

AIK-trenar Stig Storebø synest det er stas at det er ein landslagsspelar i troppen hans. Sist det skjedde var då Daniel Gall vart teken ut på det polske ungdomslandslaget for fleire år sidan.

– Det viser at klubben har gjort eit godt arbeid, men størstedelen av æra går nok til foreldra som er veldig flinke med å fylgja opp barna sine på fotballbanen. Dessutan må det seiast at Joachim har framifrå fotballgener, smiler AIK-trenaren, som lovar meir speletid til G16-landslagsmannen sin framover i sesongen.

I fylgje landslagssjef Flovik er det enno ikkje noko handicap å spela i tredjedivisjon, men på sikt bør likevel den unge austevollingen sikta høgare.

– Dei fleste spelarane er på eliteserielaga sine andrelag i andre- eller tredjedivisjon. Likevel er det slik at ein over tid må søkja utfordringar både i kamp og trening. Med alderen konkurrerer ein med spelarar som blir matcha på tippeliga- og adeccoliganivå, seier landslagssjefen til Marsteinen. På sikt viser òg røynslene at ein stor del av gutane som har spelt på G16-landslaget endar opp i dei to øvste divisjonane, eller blir fotballproffar i utlandet.

Joachim sjølv har målsettinga klar:

– Eg skal arbeida for å bli blant dei to-tre beste på sentral midtbane i landet innanfor aldersgruppa mi.

 

Av Trond Hagenes