jul 282012
 

Henrik Melingen gir AIK 1-0 på ei heading frå kort hald. Biletet lyg litt; ballen gjekk i mål via hovudet og ikkje Guds hand, eller handa til AIK-spelaren.

AIK innleidde haustsesongen med ein svært solid 3-0-siger over Varegg heime på Eidsbøen laurdag ettermiddagen. Første omgang hadde heimelaget full kontroll, og berre uflaks framfor mål gjorde at heimelaget måtte gå til pause med 0-0. Spesielt vestreback Håvard Vassnes og lagkaptein Inge André Rabben merkte seg ut med stor innsats og kjappe, kreative pasningar.

I andre omgang sleppte heimelaget gjestene sine inn i kampen ei lita stund, men frå midten av omgangen var det berre eitt lag på banen. Flotte scoringar av innbytar Henrik Melingen, ringreven Trond Heggestad og unge Tord Harald Skår gav AIK ein svært velfortent heimesiger.

 

Austevoll IK – Varegg 3–0 (0–0)

 

Mål: 1-0 Henrik Melingen (69. min.), 2-0 Trond Heggestad (78. min.), 3-0 Tord Harald Skår (80. min.).
AIK sitt lag: Daniel Aga, Håvard Vassnes, Andreas Risøy, Øystein A. Storebø, Edvard Johannes Hevrøy (Henrik Melingen 35 min.), Inge André Rabben, Kristoffer Østervold, Tord Harald Skår, Frode Storebø, Kurt Hovland (Adrian M. Hovland 26 min.), Trond Heggestad (Anders Magne Taranger 4 min.).
Gult kort: Inge André Rabben, AIK. Markus Nordgård, Mats Engeberg, Tarjei Holmefjord og Adrian Leganger Pizarro, Varegg.

Dommar: Martin Davitian, Nymark IL.