aug 022012
 

For to år sidan fekk Møkster sin eigen brannbil. No har brannbilen endeleg tak over hovudet: Ein splitter ny brannstasjon midt på øya.

Godt utstyr treng godt tak seiast det. Med den nye brannstasjonen omsider på plass, eit prosjekt finansiert av Møgster vel, har brannbilen endeleg ein fast heim. Design er det Arvid Bjerkestrand som står bak. Sjølve bygginga har vore eit dugnadsarbeid, men det er Bjørn Strømme som har stått i spissen for arbeidet. Hoveddugnaden byrja i tradisjon tru på skjærtorsdag og har haldt fram til no.
– Me har teken i bruk alt me har av ressursar. Svein her for eksempel har taua store steinar med traktor, fortel Bjørn.

Resten av artikkelen finn du i papirutgåva i dag.

Brannstasjonen på Møkster har fått strategisk plassering midt på øya.