aug 022012
 

Kyrkja i Bekkjarvik miste endå ein takstein førre veka, og etter nedfallsstaden å dømma hadde steinen ikkje så lite fart ned frå tårnet.

– Til min viten har ikkje taket vorte gjort mykje med sidan kyrkja vart bygd rundt århundreskifte 18- til 1900, fortel Jan Tørres Nordstrand frå feriebilen. Han fryktar dei må opp med ein kranbil for å undersøkja taksteinfesta, då det ikkje er råd å få grep om tilstanden frå innsida av tårnet. Enkle sikringstiltak meiner Nordstrand er uproblematiske, men det kan fort verta omfattande.

– Me har hatt i planen å få ordna den taksteinen som allereie har sigla ut med midlane me har fått innvilga i år, men må me ordna meir av taket så lyt pengane kome frå eit anna budsjett. Det kan i alle høve vera greitt å føta seg med omhu rundt kyrkja til dei ikkje fullt så gudelege gåvene frå himmelen er under kontroll.

Taksteinen har splintra til småbitar i samanstøtet med grusen, noko som vitnar om meir kraft enn ein sjølv vil kjenna på.