aug 022012
 

Lik laksen som sprett ivrig i bingane sine, fyk ungdommane på Møkster rundt på øya og gjer alt som trengs av dei, anten det er å stå i butikk, fiske leppefisk eller ta vakter på oppdrettsanlegget.

– Han er svolten no på morgonen, då et han godt, fortel ein av sommarvikarane på Langøy Laks. Det er difor han hoppar sånn, får journalisten vita, som med store auge vitnar dei spretne fiskane i forsøka sine på å snappa opp fôr frå spreiaren. På ein flåte nokre minutt med båt utanfor land nord for øya er det sekstenårige Halvor Møgster har basen sin denne sommaren. Tre store bur med plass til 130 000-180 000 fisk, men berre eit av dei har fisk, og til og med der ligg dei godt under grensa plassmessig, så Halvor vert ikkje vidare uroleg då pappa Karsten Inge Møgster stadfestar at det er han som har ansvar for fôring denne svale torsdagen.

Korleis livet fortonar seg for sommararbeidarane på Møkster kan du finna ut i dagens papirutgåve.

Desse fire unge karane arbeider flittig med leppefiske dagen lang i sommar. Frå venstre Anders Møgster (14), Johannes Møgster (21), Karsten Møgster (19) og Kristoffer Haug (13).