aug 062012
 

Eit uvanleg syn på Krokeide ferjekai. Foto: Berit Stein.

0855-ruta til Krokeide gjekk på berget utan noko vidare dramatikk eller seremoni i dag tidleg.

Marsteinen si May-Linn Clement var på staden og kunne rapportera om heldig utfall frå grunnstøytinga.
– Det verka dramatisk til å byrja med, då mannskapet sprang forbi bilane, og andre passasjerar gjekk ut or bilane sine
Brått observerte Clement eit berg på avveie og det var tydleg at ferja var på feil kurs.
– Me råka ikkje så hard, så me traff kanskje ei av dei private kaiene fyrst. Ferja ligg omtrent ei ferjelengd forbi ferjekaien, og me har fått skyss i land av ambulansebåten, men den styrste dramatikken er vel ventinga på å få attende bilen, fortel ei tydleg avslappa May-Linn Clement.

I fylgje administrerande direktør i Fosen Namsos, via bt.no, har ferja fått motorstopp og vorte styrt mot mindre delikate delar av Krokeide ferjekaien.

Oppdatering: MF » Marstein» vil taka over ruta til «Trondheim» og såleis vil ferje to gå ut. «Trondheim» går til Halhjem då «Marstein» sperrar ferjeleiet på Krokeide. Avgang Halhjem er 1400, og avgang Hufthamar 1500 melder Fosen Namsos.

Sikringspersonale og mellombels fotgjengarar i påvente av bilane på kaien. Foto: Berit Stein.