aug 092012
 

Ms ”Radek” er nett attende frå Tallinn med forlenga hekk og midtparti, og heldt i går kaffiselskap om bord.

Overgangen frå 27 meter til dryge 40 vil gjera til at «Radek» kan taka mykje færre og meir effektive tokt for å fylla kvotane.

– Då båten vart bygd i 2007 var reglane heilt annleis, og båten er bygd makslengde med reglane som gjaldt. No er det ikkje lengre lengdekrav, men grenser for kor mange kubikkmeter med last me kan ta, forklarar Nils Bussesund, eller teknikaren som reiar Arild Sekkingstad kallar han. «Radek» har ikkje hatt beste utgangspunktet med magre 250 kubikkmeter lastekapasitet, og har slite med NVG-kvotane grunna dette. No kan båten skilta med 500 kubikkmeter last, stabilisatortank bak baugen og ny nothalar mellom anna, og vil gå ei ganske anna framtid i møte.

– Arbeidet som Netamann i Tallinn har gjort og oppfylginga har vore upåklagleg, konkluderar både Sekkingstad og Bussesund.

MS ”Radek” i Kalvenes med 40 fot ekstra.