aug 162012
 

Noregs eldste messe, fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim, har ekspandert og Austevoll har fått plass i ny hall.

– Me såg på utleigemøblane, og fann ut at med å nytta 100 kroner meir enn leigesummen kunne me kjøpa flett nye møblar til standen, fortel Sissel Fagerbakke med lått i stemma. Saman med ordførar Helge André Njåstad, varaordførar Edvard Johannes Stangeland, Hege Lauvik frå næringsrådet og utbyggingsselskapet, Kjetil Kolbeinsvik frå opplæringskontoret, og medpilot Silje Sjursen i Fager event held ho standen til Austevoll på messa, og har ordna med lounge til vitjande vitjarar.

– Me har ei nettverksbod, ikkje salsbod i år, og freistar å knyta kontaktar. Til dømes ynskjer vi å kopla interessante produsentar med aktuelle forbrukarar i Austevoll. Det er venta stort besøk i løpet av dei fire dagane messa går, og om ikkje dei nye møblane er heilt utslitne innan messa går mot slutt, så har Fager event ein plan med dei.

– Møblane skal donerast til ei verdig sak, og onkelen min som er varaordførar her oppe har hjelpt oss med å finna kandidatar. Og det kan lesarane lesa meir om i Marsteinen neste veke.

Sissel Fagerbakke og Silje Sjursen frå Fager event på standen til Austevoll