aug 302012
 

Frå mai i år har ikkje Austevoll laksepakkeri fått eksportera fersk laks og aure til Russland. Dette har nærmare femti tilsette fått kjenna på.

Som fylgje av at Austevoll laksepakkeri vart utestengd frå å eksportera fersk laks og aure til Russland i mai, har over ein tredjedel av dei tilsette i Austevoll laksepakkeri vorte permittert i løpet av august. (Arkivfoto: Trond Hagenes)

– Me har ikkje lenger jobb til dei me tidligare har hatt arbeid til, fortel ein fortvila Ivar Helge Melingen i Austevoll laksepakkeri. Vel 30 prosent av dei norske selskapa som eksporterer fisk til Russland vart nemleg i mai stengd ute. Dette er ifylgje NRK ei mellombels stenging gjort av den russiske veterinærtenesta. Austevoll laksepakkeri er blant selskapa på lista, men har ikkje merka fylgjene før no.

Forsinka verknad

– Dette har heilt klart store konsekvensar for oss. Me merkar at det er langt mindre aktivitet når me ikkje får pakka fersk fisk til Russland, seier administrerande direktør i fiskeindustrien. Det er i stor grad aure dei sender til Russland. No vert han pakka på eit anna anlegg i Hallvard Lerøy.

– Det verste er at det går ut over bemanninga vår, fortel Melingen. Av dei 150 tilsette i bedrifta har vel 50 av dei vorte permitterte. For dei fleste som er involverte er det full stopp på arbeidet. Tidsperspektivet i slike tilfelle varierer frå veker til fleire månadar. Kor lang tid dette vil ta og når dei tilsette kan koma attende i arbeid er difor umogleg å seia. Ifylgje Melingen har Mattilsynet pusha på i saka, men framleis ikkje fått attendemelding på saka si framgang. Sjølv synest han det er noko merkeleg at dei som bedrift kan vera godkjent hos Mattilsynet og ikkje hos russarane. For så lenge mattilsynet går god for eksport av fisk i eit selskap, tek vanlegvis dei andre landa i mot fisk frå det godkjente selskapet.

 

Spekulasjonar

Bakgrunnen for at så mange er utestengd skal vera funn av bakteriar i varer levert til Russland. Ifylgje Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) var det opptil årskiftet 2005 til 2006 fri handel og eksport av sjømat før det brått vart stopp i import av laks og aure.

– Dei hevda å ha funne tungmetall i fisken, noko som aldri vart dokumentert frå Russland si side. I ettertid har me konstatert at det var eit stort behov for å avgrensa importen frå utlandet, både for å kontrollera matvaresikkerheita og skatteavgiftene, fortel Trond Davidsen, direktør for havbrukssektor i FHL. Dei siste åra har det vore ei gradvis opning av selskap som får sleppa til. Sjølv om FHL er trygge på at norske produkt held opp til standarden, ikkje minst fordi varene ligg innanfor grenseverdiar frå Noreg, EU og WHO (Verdas helseorganisasjon), er det gjort funn som landsforeninga ynskjer å ta til etterretning. Direktøren stiller seg likevel noko skeptisk til utestenginga fordi argumenta er ubegripelege frå norsk side.

– Det har vore ulike forklaringar frå Russland når ein ser på eksport av matvarer i eit større perspektiv. Etter opninga for import av fersk fisk var det 35 selskap på det meste. No er me nede i 21. Kva det er som gjer at nokre dett ut kan ein berre spekulera i, meiner Davidsen som viser til ei ny undersøking frå NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) som avviser at det er framandstoff i norsk sjømat.

 

Tøffe tider

For Austevoll laksepakkeri sitt vedkommande er det ikkje fyrste gongen dei hamnar på lista. Melingen opplyser at det har hendt ein eller to gongar før, men det er likevel nokre år sidan førre gong. Sjølv om ein skal så langt attende som til mai at selskapet vart utestengd, kom ikkje ringverknadane før nokre månadar seinare. For medan dei klarte å halda ein bra produksjon ut juli månad, stupte produksjonen frå midten av august. Det er frå og med august månad at over 50 tilsette har vorte permitterte.

– Trass i alvoret er ikkje dette nokon unik situasjon. Me er ikkje dei einaste som går gjennom tøffe tider no, men det er jo veldig synd at så mange skal stå utan arbeid i kommunen, seier direktøren som trur og håpar at floken kjem til å løysa seg opp neste månadane.

Av Maria Gabriela Fehr Johansen