sep 062012
 

Fotball: Han har spela over 150 eliteseriekampar for ei rekkje toppklubbar og møtt Zlatan i Champions» League. Denne månaden vert Trond Fredrik Ludvigsen (30) speleklar for AIK.

Trond Fredrik Ludvigsen er straks klar for spel i AIK-trøya.

Fotballklubbane Bodø-Glimt, Herta Berlin, Rosenborg og Brann er blant dei tidlegare arbeidsgjevarane til Trond Fredik Ludvigsen (30). No har spissen gjort austevolling av seg, og går frå å vera fotballproff til amatør. Ludvigsen understrekar at studiane ved NHH er fyrsteprioriteten hans, men kjem likevel til å stilla når tida tillet. Speleklar er han uansett til heimekampen mot Stavanger idrettsforening, 29. september.

– Til neste sesong vert det nok lettare å få fasong på tilværet, seier mannen som har spelt i cupfinalar, vore med å vinna to seriemeisterskap og møtt lag som Inter og Ajax – med sjølvaste Zlatan i brodden – i Champions» League.

 

Overføra kunnskap

Det er òg rutinen som toppspelar som har gitt 30-åringen kompetanse han kan overføra til yngre AIK-arar.

– Eg kan rettleia yngre spelarar som ynskjer å bli gode, og noko av det mest essensielle eg har lært meg i tida som profesjonell fotballspelar er kor viktig kjemien i spelargruppa er. Ein må ha ein balanse mellom konkurranseånd og inkludering. Heile gruppa må kjenna at dei er med og bidra, fortel mannen med 35 ungdomslandslagskampar på samvitet sitt.

Ludvigsen sine år i Sportsklubben Brann vart eit reint skademareritt, men han hugsar likevel godt cupkampen på Eidsbøen mot AIK, der han sjølv sette inn 3-1-målet til bergensarane.

– Austevoll var veldig gode i den kampen, og med 3 000 menneske som omringa kunstgraset var dei ei kjekk oppleving, seier veteranen som debuterte i eliteserien for 13 år sidan.

AIK-trenar Stig Storebø er sjølvsagt overlukkeleg over nykomaren i den oransje trøya.

– Rett nok gjer overgangsreglane at han ikkje er klar til spel på fleire veker, men Trond Fredrik med rutinen si tilføra oss mykje og ikkje minst heva nivået på trening, slår Storebø fast.

 

av Trond Hagenes