sep 062012
 

Medan dei vaksne var ute på sjøen på ringnòttevling under fiskefestivalen, fekk den yngre garde prøva seg på eiga hand.

Fyrste premie gjekk til Erlend og Alida Waage for lengste fisk på 64 centimeter. Seien vart fiska ved Melingsvåg.

Ida Medle og Matilde Semb stakk av med andreplassen med ein flott lyr på 63, 5 centimeter teke ved Sandtorv, berre ein halv centimeter unna sigerslaget.