sep 132012
 

Marit Rose døydde den 30.august på Haukeland sjukehus etter lang tids sjukdom. Ho vart gravlagd frå ei fullsett Storebø kyrkje den 7.september.

 

Marit Rose 1954 – 2012. Journalist og tidlegare redaktør i Marsteinen.

Det er frå tida i lokalavisa Marsteinen eg lærde Marit å kjenne. Ei tid som skulle strekke seg over ein lang periode, frå mai 1982 då ho vart tilsett, først som journalist, seinare som redaktør i september 1983. Ei stilling som ho hadde uavbrote fram til november 2000. Etter den tid heldt ho fram som journalist avbrote av ein utdanningspermisjon  og til sist av sjukdommen. Ho var attende ein periode sommaren 2011 då eg møtte henne i bladstova. Ho var då då optimistisk, smilande og med den glade latteren. Ho såg framover sjølv om ho visste at sjukdommen ikkje let seg kurera.

Eg hadde eit langt og tett samarbeid med Marit i alle desse åra og spesielt vil eg trekkja fram det som eg vil kalla pioneråra i avisa. «Dead-line» var den gong som no den same, avisa måtte vera klar seinast tidleg på onsdag. Men det var i ei tid då ein var avhengig av bil, ferje og postgang for å få stoffet fram, før den elektroniske revolusjonen som gjorde alt så mye enklare i så måte. Til tross for dette, og minimal bemanning, kom avisa likevel ut trutt og jamt kvar torsdag.

Med ein stab med henne som bladstyrar og oftast berre ein medarbeidar i tillegg for annonsar m.m., var  det rett og slett eit mirakel at dette let seg gjera. Eg veit ikkje om alle heilt visste å verdsette hennar innsats i desse åra.

Det er også underleg å bla i gamle Marsteinar frå 1980- og -90 åra og sjå kor mye t.d. det var av politisk stoff den gong både på referat-og kommentarside. Så var då også Marit eit politisk menneske som visste å utfordra makta, anten den låg på politisk nivå eller i næringslivet. Ho vart difor av mange oppfatta som kontroversiell. Men det må ein bladstyrar nødvendigvis vere dersom jobben skal gjerast. Ei avis skal føra fram meiningar, ikkje berre innehalde magasinstoff.

Den frie pennen har sin pris.

Alle desse åra gjorde at eg òg fekk kjenne Marit frå ei anna side. Den meir personlege sida. Gleda var stor då Maria vart fødd i 1994 og vi var mange som gledde oss over Marit og Svein Jarle si lukke. At dette var eit lenge etterlengta barn som seinare  skulle få mye kjærleik og omsorg, kom så rørande fram då Maria heldt den fantastiske  talen for si mor i kyrkja. Maria vart det store i Marit sitt liv, heilt til det siste.

Våre tankar har i desse dagar gått – og går – til Svein Jarle og Maria. Også til hennar andre næraste, ikkje minst til mor hennar –  Ingeborg.

Finn Dyngvold