sep 202012
 

Ringnótflåten har reist på fiskefelta denne veka, men prisane er nedslåande for «Haugagut» og dei andre fartøya så langt.

Makrellsesongen er så dårleg betalt at fleire fartøy dreg til kai, og ventar på betre tider. Her «Haugagut» med årets fyrste fangst. Foto: Olav Endre Drønen.

– Det er mykje makrell å sjå, men me er ekstremt skuffa over prisen, seier «Haugagut»-reiar og bas Stig Østervold til lokalavisa. I går like før deadline låg båten og lossa 280 tonn av den snøggsymjande delikatessa.  Prisen var deprimerande 7,42 per kilo.

– I fjor på desse tider låg me jo på nærare 13 kroner kiloet, så dette er nedslåande. No vurderer me rett og slett å gå heim og ta oss ein liten time out til etter helga, seier basen.

Ein annan som har gått heim er «Hardhaus». Skipper Ole Inge Møgster fortel at dei gamblar på at prisen kjem til å auka når hovuddelen av flåten har rast i frå seg.

– Me trur uansett ikkje at prisen kan gå lågare enn han er akkurat no, men det er ikkje sikkert at me får tak i like fin makrell seinare i sesongen, seier «Hardhaus»-skipperen, og viser samstundes til at einskilde fartøy som «Gerda Marie» er blitt ved kai grunna dei låge prisane.

 

Forklaringa

Salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag fortel at det er fleire tilhøve som til saman verkar inn for at prisen på nyfanga makrell har rast i botnen i år.

– Ved inngangen av fjorårssesongen var lagera tomme, medan det no er motsett. Samstundes fekk dyrkjøp makrell seg ein smell i den japanske marknaden, fortel Garvik. Han fortel makrell frå Færøyane og Island vert selt til lågare pris enn den norske, og trass i at dei er fanga på ei tid i året då kvaliteten er noko lågare, resulterer òg dette til eit lågt prisgolv for makellen. Etterdønningane frå tsunamien og kjernekraftulukka er òg i ferd med å leggja seg i Japan, og dei et meir lokalfanga fisk eller erstatningsprodukt, meiner Garvik.

Av Trond Hagenes