sep 212012
 

Ny straumkabel mellom Stolmen til Hevrøy, og vidare til Møgster via Litlakalsøy. Foto: Per Espen Vik/Austevoll kraftlag BA.

Fredag er arbeid med ny straumførande sjøkabel til øyane Hevrøy, Litlakalsøy og Møkster under vegs. Geir Bergflødt i Austevoll kraftlag BA fortel at selskapet pungar ut med om lag fem millionar kroner for arbeidet, som vel betra forsyningstryggleiken monaleg til dei ytre øyane.

– Me har ny trasé både på lang og i sjøen, som skal redusera sjøpåverkinga. Samstundes vil den eksisterande sjøkabelen vera straumførande, og vera i bakhand dersom noko uføresett skulle inntreffa, seier kraftlagssjefen.