sep 272012
 

I heile år har naboane til Hordafôr sitt produksjonsanlegg på Salthella vorte plaga med stank frå anlegget. No investerer selskapet for å få bukt med problemet.

 

Hordafôr på Salthella innrømmer at dei har hatt problem med luktutslepp i år, men har arbeidd konsentrert for å sikra ei varig løysing av problema.

Fylkesmannen i Hordaland registerte i sommar ei rekkje klagar på sterk lukt frå Hordafôr sitt produksjonsanlegg på Salthella. Innan neste veke må verksemda ha fått bukt med stanken. Det arbeider dei òg for.

– Me har arbeidd systematisk og har kartlagt problema ved anlegget. No har me stor tru på at luktproblema vil bli dramatisk reduserte, seier Hordafôr sin administrerande direktør Siv Østervold. Saman med kvalitets- og utviklingssjef Jørgen Seliussen gjer ho greie for tiltaka dei har gjort og som til saman kostar millionar av kroner.

– Kort sagt samlar me lufta meir, reinsar henne betre og slepp henne ut langt høgare, konstaterer Østervold. Dei fleste av tiltaka er allereie på plass.

 

Tek klagene seriøst

Pålegga frå fylkesmannen slår fast at dei plagsame luktutsleppa må ta slutt innan 1. oktober. Viss ikkje det skjer, ventar det tvangsmulkt, går det fram av sakspapir frå staten sin lange arm.

– Me har arbeidd saman med både fylkesmannen og konsulentar innanfor luktutslepp, og kome fram til ei rekkje tiltak, seier Jørgen Seliussen. Han understrekar at luktutslepp er eit komplekst fagfelt, men at verksemda har teke utsleppa særs alvorleg.

Sten Terje Østervold er ein av innbyggjarane i Steinevik-området som har klaga hypping over stanken i sommar, og omskreiv luktutsleppa som forpesting av nabolaget. Andre naboar klagar over kvalme og uggen kjensle etter luktutslepp i byrjinga av juli.

Heilt til Ytre Rabben har utsleppa vore til plage. Karen Kvinge er ei av dei som har sendt klage til fylkesmannen.

– Ein dag var det så ille at eg måtte gå inn, og eg tenkte på dei stakkars folka som bur i Steinevik. Det må ha vore forferdeleg, slå Kvinge fast.

I fylgje sakspapira er verksemda i ferd med å få installert ei større og høgare pipe med ny vifte. Den nye pipa vert meir enn dobbelt så høg som den gamle, og det er investert i to nye sjøvasspumper til vasketårnet på verksemda. I tillegg kjem ei rekkje andre tiltak, mellom anna eit nabovarslingssystem som grannane kan nytta til å senda SMS dersom dei merkar dårleg lukt frå anlegget. Siv Østervold konstaterer at verksemda ynskjer godt tilhøve til naboane sine.

– Omdømmet vårt kunne absolutt vore betre når det kjem til lukt, men målet vårt er at lokalsamfunnet skal verta like stolte over verksemda vår som me er sjølve, slår ho fast.

Av Trond Hagenes