okt 012012
 

I morgon avgjer kommunestyret endeleg om pleie- og omsorgstenestene skal lysast ut for anbod. Fyrste politiske handsaming av anbodsgrunnlaget er i dag i helse- og sosialutvalet.

Austevoll kommune reknar med å spara mellom fem til åtte millionar kroner på å konkurranseutsetta pleie- og omsorgssektoren sin. Samstundes meiner administrasjonen at det er naudsynt å oppretta to nye stillingar med ansvar for å kontrollera at kommunen får dei tenestene dei betalar for, og fatta vedtak om kven som har krav på tenestene. Totalt vil den kommunale tingareininga ha fire årsverk. Det vert òg tilrådd ei stilling med ansvar for forvalting av dei kommunale eigedomane. Kostnadane med dei tre nye stillingane er stipulert til 2,5 millionar kroner.

Anbodspapira legg opp til at kvalitet skal vektleggjast 60 prosent og pris 40 prosent. Anbodsperioden vert fem år, med opsjon på forlenging på eitt år av gangen i inntil to år utover dette.

I sakspapira går det gram at kommunen ynskjer å henta inn anbod på 46 av dei 52 plassane ved Austevoll pleie- og omsorgssenter, med høve til å auka dette til full kapasitet ved behov. For heimetenestene er det lagt opp til fast pris for time vedteke heimehjelp og heimsjukepleie. Denne prisen skal dekkja alle formar for indirekte kostnadar. I tillegg kjem fast pris per utrykking på tryggleiksalarm og fastpris per middag som vert kjørt heim til brukaren.

I fylgje framdriftsplanen kommunen legg opp til, skal anbod leverast innan 21. november i år, avtaleinngåing den 1. mai 2013 og oppstart 1. september.