okt 052012
 

I tretida i dag kom Austevoll brannvesen til eit anneks på Hufthamar som stod i full fyr. Eigar hadde sjølv observert røyk i eit vindauge i tilknytting til garasjen som ligg i fyrsteetasjen på annekset.

– Brannen er sløkt, men det ser ikkje godt ut for garasjen. Me kjenner enno ikkje omfanget av skaden, men om ikkje annekset vert kondemnert, så ser det ikkje langt frå totalskada ut herifrå, melder brannsjef John-Levi Weløy i Austevoll brannvesen. Han legg til at det ikkje er råd å seia noko nærare før politiet har føreteke si etterforsking.

Brannen i eit anneks på Hufthamar vart sløkt, men John-Levi Weløy frå branntenesta i Austevoll er uviss på kor mykje som kan reddast av bygningsmassen. Foto: John-Levi Weløy