okt 082012
 

Fiskeri- og kystdepartementet bekreftar på heimesida si at det vert oppstart av arbeid på fiskerihamna ved Salthella i 2013, etter at statsbudsjettet er lagt fram i dag.

Etter ein lang prosess, blir det endeleg oppstart av arbeidet med fiskerihamna på Salthella.

– Fiskerihamna vil styrka Austevoll sin posisjon som fiskerikommune, og definitivt gjera det lettare for Mørenót Austevoll. Dessutan håpar me på nyetableringar som eit resultat av fiskerihamna, seier ordførar Helge André Njåstad. Han spanderte saman med varaordførar Stangeland kake på dei tilsette på Salthella.

Også blant dei tilsette ved Mørenot vart nyhende teke godt i mot. Formann Svein Nyheim likte dermed ikkje berre den søte kaka ordføraren kom med.

– Me ser positivt på framtida, det drypp gode smånyhende stadig, oppsummerte Nyheim og viste til at dei fekk ein ny kunde på nót siste veka.

Dagleg leiar Bjørn Kåre Rabben ved verksemda fortel av dei kummerlege forholda i hamna i dag gjer det vanskeleg for drifta.

– Båtane som har levert nøtene sine, må skifta kai medan ein ny leverer. Dessutan er det vêrutsett. Seinast i år rauk «Hardhaus» fortøyingane sine her ute, seier Rabben.

– Jo betre kaitilhøve me har, jo fleire båtar klarar me å serva, oppsummerer han.

Utbedring av Salthella/Austevoll fiskerihamn startar opp i 2013. Prosjektet er framskunda sett i forhold til Kystverkets handlingsprogram, og innebærer både bygging av moloer og utdjuping. Samla kostnadsramme er 148 millioner kroner, og planlagt utbetaling i 2013 er åtte millioner kroner, opplyser nettsida til departementet.