okt 112012
 

Reiarlaget H. Østervold fekk på tysdag ei ny skute i naustet sitt. Medeigar og skippar Tor Heine Østervold lovar særleg god kvalitet på fisken.

 

«K.M. Østervold», som skipet skal heita, kjem frå Florø og Madsen-familien der ho har gått som «Fiskebas». Nyervervinga vart bygd i 1996, og med ein lastekapasitet på 1200 kubikkmeter er det lite som skal gjerast med båten før neste sesong.

– Om ikkje det er den kjappaste i feltet, så er båten utrusta med eit stort kjøleanlegg og fisken me leverer vil difor kunne halda høg kvalitet, meinte Tor Heine.

Harald Østervold sr. på si side hadde få og velvalgte ord:

– Bra båt. Godt holdt.

Går på opp

I løpet av vinteren kjem «K.M. Østervold» til å få utvida tråltraverset brak saman med andre smågrep for å vere rusta til tobis- og kolmulefisket. Pumpene skal, i fylgje Tor Heine, få seg ein kartlegging òg. Med eit fast mannskap på åtte er nytilskotet er godt steg i rette retninga for reiarlaget, og planen for gamlebåten dei kjøpte med kvotar tidlegare i år er ikkje heilt avklart enno, men det går mest truleg mot sal.

For høvet var det kaker og alskens godt om bord i skipet, og storinnrykk med gratulasjonstrengde austevollingar. Neste generasjon skipparar fekk sjølvsagt høve til å freiste kapteinsetet òg.

 

Østervold-familiane står som eigarar, og det var smittande god stemning på omsyninga.

Med styrhuset fullasta, og tomme tankar står «K.M. Østervold» stort sett klar til fisket neste sesong.