okt 112012
 

Full galopp over fjell og land, brekande ulldottar i svart og kvitt og menn og kvinner med argusauge og radioutstyr i neven: Villsausankinga på Horgo såg etter alle høve ut til å gå på skjener i helga.

Gunvald Mortvedt hadde teke turen frå Haugesund og var ein av dei som fekk bryna seg med dei sprellande ulldottane.

 

Alfred Magne Møgster måtte vedgå at han likte best dei stadig meir sjeldne kvite vêrsauene, men ville ikkje verta stempla som nokon rasist av den grunn.

 

God kommunikasjon og spreke mannfolk og kvinnfolk er eit av dei viktigaste kriteria for ei suksessfull sanking, noko sankarane i alle høve såg ut til å ha.