okt 112012
 

”Kven vil ha mora si ut på anbod?” og ”Er dette en kommune å verta gamal i?” er nokre av kommentarane facebook har båre fram dei siste dagane. No rasar debatten om konkurranseutsetjinga av pleie- og omsorgstilbodet i kommunen.

Ikkje lèt deg lura av dei blide smila. Sjukepleiarane ser nemleg raudt på vedtaket om å konkurranseutsetja pleia- og omsorgstilbodet i kommunen. Mariann Birkeland og Kjersti Rabben Blix er berre nokre av dei tilsette i helsevesenet som uroar seg for framtida til heimesjukepleien og PO-senteret i kommunen når private aktørar kjem inn i biletet.