okt 182012
 

Av 100 kandidatar vart ikkje mindre enn to austevollingar utvald til å vera med på TV2 si vintersatsing Det store korslaget. Mandana Zadeh og Astrid Fagerbakke freista febrilsk å sminka vekk mangelen på nattesvevn då Marsteinen traff sangerinnene.

Dei to har synge i lag i mange år, gjennom prosjekt som Songgalleriet og Hjarteklang, men då dei møtte på audition i Bergen var det kvar mann for seg sjølv.

– Eg trur det var 13 jenter og sju gutar som til slutt vart med i koret, fortel Astrid. I utveljinga var det ikkje berre songkvalitet som var avgjerande, men òg det litle ekstra som lagar god tv. Produksjonsselskapet Rubicon er gode på å skape fjernsynmagi, medan korleiaren, Fredrik Saroea frå Datarock, har teken med dei musikalske kvalitetane.

– Me var heime hjå han i Bergen på siste audition i går, kan Mandana meddela, og der hadde dei heldt på like til to på natta. Medan Zadeh song tre sjølvvalde songar, der klassikaren Speak Softly Love, kjend mellom anna frå Gudfaren-filmane, vann ho ein plass i koret, fekk Fagerbakke ei oppmoding frå Saroea.

– Eg gjekk på Langhaugen musikkgymnas med han i si tid, og han hugsa ein efterfest der eg song så mykje U2. Difor vart eg beint nøydd til å ta nokre strofar for han etter gamalt.

Julekvelden på kjerringa

Så framt det kjem inn mykje stemmer, i tillegg til dei sjølvskrivne 4 792, på Team Saroea kvar helg i frå 24. november, så kjem ikkje austevollsjentene heim før 23. desember. Dei skjemtar eplekjekt om å ha seg ein tur i ledige stunder i Oslo på gåveshopping, men Fagerbakke ser mørkt på dei sju sortane.

– Det vert umåteleg hektisk, med tre øvingar i Bergen for veka, og så tre dagar med innspeling og reising. Og det heile varar jo i fem veker om me er med heile vegen, så me satsar på at mannfolka trappar opp på bakinga.

Den årlege Hjarteklang-konserten utgår i år, men ikkje som fylgje av fjernsynsprogrammet. Trioen hadde allereie finne ut at det var for mykje som pågjekk, og for lite tid for å gjennomføra Hjarteklang.

– Og så vart me med på det her! ler Mandana. Ho kan og fortelja at Stian Kalvenes Bosdal, som har vitja Austevoll før og synge i kor, skal òg vera med på Team Saroea. Stian stammar frå Austevoll, så øyane må sjå seg nøgd med 12,5 prosent av koret til datarockaren.

– Det vert jo moro for oss òg, å stå under kjeppen til koreografen, me som berre har piska på ungdomsskuleelevane og revyane deira, smiler Fagerbakke.

 

Marius Løbø Fimland

 

Astrid Fagerbakke og Mandana Zadeh vert å sjå i Fredrik Saroea sitt kor under TV2 si satsing Det store korslaget i vinter.

 

  2 Responses to “FULLVERSJON: Hjarteklang til korsang”

  1. Du må ikkje strypa hon, Astrid!
    🙂