okt 182012
 

I sekken har han kart og briller, fortel Mons Søreide før han tek lokalavisa med på den gamle vegen han gjekk i sju år til folkeskulen. Eidomannen med ljåen i neven tryggar den femti år yngre journalisten om at me nok skal koma fram.

Mons tek plass der han held utkik etter læraren medan dei andre elevane leika seg i skulen.

Mons Søreide hugsar fura som heilt lik, sjølv om det er mest 80 år sidan han såg henne for fyrste gongen.