okt 192012
 

Har du ein Maradona i magen, eller ein Lionel Messi i beina? Eller berre lyst til å lufta dei gamle fotballskoa dine? Øystein Østervold ynskjer å sparka i gang bedriftsfotball.

Vegen frå idé til realitet kan vera kort i desse fleirmediale tider. Etter å ha lodda stemninga på Facebook har Øystein Østervold bestemt seg for å etablera ein bedriftsliga på øyane. Håpet er at minst ti lag vert med. Etter at han la ut agnet på Facebook-sida si har han allereie tre påmelde lag.

– Tanken er at kvar lag betalar 1 000 kroner, og at vinnaren kan få gje den samla potten til eit lag eller organisasjon i Austevoll. Og det treng slett ikkje vera relatert til idretten, seier eldsjela. Han trekkjer òg fram det sosiale som motivasjonskjelde. Vona er seriestart i april, og Østervold legg til at det er fritt for å ha med både herrar og kvinner på eitt og same lag.