okt 222012
 

Vestland Offshore held fram ekspansjonen. Fredag vart «Vestland Mira» døypt i Balestrand i Sogn og fjordane. Skipet går rett på oppdrag.

«Vestland Mira» vart døypt før helga. Foto: Havyard.

 

– Me har fått kontrakt hos selskapet SGS, som driv med seismikk-nodar på havbotnen i Nordsjøen. Båten startar på oppdraget rett etter dåpen er ferdig, faktisk reiser han om berre nokre få minutt tilbake til verftet for sluttføring av SGS si rigging av seismikkutstyr på bakdekket, før kursen blir sett til havs. Under oppdraget i Nordsjøen vert det arbeidd med heilt ny seismisk teknologi, og det er sjølvsagt eit strategisk viktig oppdrag for oss, kunne direktør i Vestland Offshore, Per Vidar Hille, fortelja under dåpsdagen.

«Vestland Mira»

Design: HAVYARD 832 L        
Lengde: 86 m
Bredde: 17.60 m
Fart: 14.5 knop
Dekkstørrelse: 901 kvadratmeter
Mannskap: 25 personer
Dødvekt: 4200 tonn