okt 252012
 

Seks potensielle anbydarar møtte til informasjonsmøte om anbodskonkurransen om helse- og omsorgssektoren i Austevoll. Norlandia Care er eitt av selskapa som er særs interesserte.

Det var stor interesse for pleie- og omsorgsteneste i Austevoll, så kommunen inviterte til informasjonsmøte sist veke. Både pleie- og omsorgssenteret og heimetenestene er lagt ut på Doffin. Seks aktørar stilte, deriblant eit lokalt selskap under stifting.

Fleire godt etablerte private aktørar innanfor helse- og omsorgsektoren møtte til informasjonsmøte om anbodet Austevoll kommune har lyst ut på Doffin-basen. Mellom dei var mellom andre Aleris, Ambio Helse og Norlandia Care. Hilde Britt Mellbye er administrerande direktør i Norlandia Care, og synest anbodet er særs interessant.

– Austevoll kommune har vore særs profesjonelle, og tenkt rett med konkurranseutsettinga si. Dei har sikra eit så stort volum i anbodet at det vert særs interessant for oss, seier Mellbye. Norlandia Care har sjukeheimar i Oslo og Moss i Noreg, og ti einingar i småkommunar i nabolandet Sverige.

Mellbye understrekar at storleiken anbodet gjer det mogleg å ha god tettleik på leiarar, noko som er avgjerande for å sikra kvaliteten selskapet ynskjer å yta. Ho seier at selskapet i Sverige har gode røynsler med tett dialog med kommunane, og når Austevoll kommune legg opp til det same er det naturlegvis særs attraktivt. Den administrerande direktøren legg til at selskapet satsar på kompetanseutvikling, og at nøkkelen deira til å yta god kvalitet er nøgde medarbeidarar.

– Dei tilsette skal kjenna at dei arbeider med noko utviklande og spanande. Dette må opplevast, og i samband med verksemdsovertakingar som me har røynsler med frå tidlegare tek det tid å omstilla ein organisasjon, seier Mellbye til Marsteinen.

Lokal konkurrent

Aleris omsorg, som driv sjukeheimar i Bergen, på Askøy, i Stavanger og Oslo var òg representerte på møtet. Administrerande direktør Geir Legreid har tidlegare sagt til lokalavisa at resepten til selskapet er mykje tid på leiarutvikling og laga rom for sjukepleiarar og anna personell å vera delaktige.

– Gjennom tiltak for å auka trivnaden til dei tilsette, reduserer me òg trongen til å nytta oss av vikarar og fordyrande vikarbyrå.

Attendo, som driv mellom anna Paulus sykehjem og Hovseterhjemmet i Oslo og driv heimetenester både i hovudstaden var òg til stades på møtet. Attendo har i likskap med Norlandia Care røter i Sverige. Dei to selskapa Orange Group frå Bergen og Ambio Helse var òg representerte. Desse to konserna har til no fokusert drifta si mot fagutvikling, rekruttering og vikarformidling til det norske helsevesenet. Orange Group opererer òg innanfor offshore- og inspeksjonsmarknaden.

Hallvard Stenevik går i brodden for eit lokalt selskap, HOAS, som han ynskjer å starta for å ta opp konkurransen om anbodet. I neste veke held han folkemøte for å lodda stemninga.

– DOF vart i si tid starta som eit folkeaksjeselskap. Me har røynsler med slikt her ute, seier Stenevik, som meiner lokalkunnskapen til eit austevolleigd selskap gjev gode føremoner.

– Kommunen får dessutan skatteinntekter og arbeidsplassar attende, slår føregangsmannen fast.

 

Av Trond Hagenes