okt 262012
 

Noreg sitt J19-landslag slo Skottland 1-0 torsdag, med austevollingen Ingrid Østervold Stenevik på sentral midtbane. Noreg er dermed klare for neste kvalikkrunde, etter tidlegare ha slått heimelaget Tyrkia 2-0 og deretter Kviterussland med 2-1.

Ingrid Østervold Stenevik spelte heile kampane mot Kviterussland og Skottland, og andreomgangen mot Tyrkia. Foto: NFF.

Landslagssjef Jarl Torske er spesielt nøgd med innsatsen i Skottland-kampen, men er likevel uroa over laget sin manglande uttelling på sjansar.

– Den største utfordringa er å setta sjansane. På desse tre kampane har me skapt 35 sjanser. Da er det for lite å scora fem mål. Me må bli dyktigare i avslutningsfasa. Det er noko spelarane må jobba med i vinter, seier landslagstrenaren til fotball.no.

Landslaget må ut i ein ny kvalikkrunde med tre motstandarar, men får lettare motstand no som dei vart gruppevinnarar.

I Marsteinen neste veke får du landslagssjefen og Ingrids eiga meining om kampane.