nov 012012
 

Næringslivstoppen Magnus Stangeland ynskjer å sikra eit 25-meters symjebasseng og tilhøyrande terapibasseng på Storebø. Norges symjeforbund ivrar òg for prosjektet.

 

Arkitektkontoret Nils Tveit AS ser for seg ein slik utsjånad på symjehallen, basert på den nederlandske malen.

Basert på eit nederlandsk konsept, ynskjer Noregs symjeforbund å få bygd fleire hallar. Austevoll kan fort bli fyrst ute, ettersom lokale næringslivstoppane Magnus Stangeland og Helge Møgster meir enn gjerne er med på investeringane.

– Eg vil gjerne vera med å løfta fram Storebø sentrum, og byggja eit pilotprosjekt på ein ny og billegare måte, seier Magnus Stangeland til Marsteinen. Tanken hans er å lokalisera symjehallen mellom Nordstrandbygget, Tusenårsstaden og Gamle prestagarden. Eit symjebasseng på denne staden vil òg kunna nytta seg av fjernvarme frå fiskeindustrien, og redusera driftskostnadane.

Laco-sjef Helge Møgster synest òg at ein symjehall er noko Austevoll må ha, og han stiller seg særs positiv til gjennomføringa.

– Eit symjebasseng er me kanoninnstilt til å bidra til, men for meg er ikkje lokaliseringa det viktigaste, seier Møgster til lokalavisa.

 

Ny kvardag

Mette Storebø, som leiar symjegruppa til AIK, konstaterer at eit nytt anlegg vil vera til nytte for heile befolkninga i kommunen, og legg vekt på terapibassenget som er tenkt inkludert i prosjektet.

– For symjegruppa sin del, vil skikkeleg luft og ein større bane gje heilt nye høve til å trena. Dei eldste har knapt sparka frå før dei må snu i dagens basseng, seier Storebø. Ho legg til at storleiken på det nye bassenget og tilhøyrande terapibasseng, vil gjera det mogleg å ha fleire grupper i trening samstundes. Det kjem godt med når gruppa hennar har heile 220 aktive.

 

Pilotprosjekt

President Per Rune Eknes i Noregs symjeforbund seier at det er bygd altfor få symjehallar I Noreg dei siste 25 åra, og at det har ført til unødig høge prosjekteringskostnadar. No arbeider forbundet med å få realisera eit relativt enkelt konsept, basert på prefabrikerte modular.

– Inspirasjonen er henta frå Nederland, der det er bygd mange symjehallar basert på ein mal. Ikkje alle symjehallar treng vera signalbygg, seier symjepresidenten til Marsteinen. Konseptet vert i desse dagar tilpassa norske standardar, men det vert lagt opp til stålmodular i bassenget, noko som i seg sjølv sparar både tid og miljø. Det er òg lagt opp til at bassenga skal kunna driftast på halvparten av normalt energinivå og med relativt låg bemanning. I tillegg har sjølvsagt symjeforbundet sikra tippemidlar til moglege symjehallar basert på den nederlandske malen.

Og Austevoll kan altså fort bli pilotkommune for symjeforbundet si nysatsing, noko òg ordførar Helge André Njåstad er begeistra over.

– Prosjektet er veldig spanande med tilleggbruksområde som mellom anna terapibasseng, seier Helge André Njåstad.

Av Trond Hagenes