nov 022012
 

Helge André Njåstad har ei sterk stjerne i Framstegspartiet i Hordaland og er etter alt å dømma innstilt på andreplass på stortingsvalslista. Nominasjonsmøtet er 8. desember (Arkivfoto).

Bergens Tidende opplyser i dag at austevollordførar Helge André Njåstad vert innstilt på andreplass på Framstegspartiet si liste til stortingsvalet. Lista vert ikkje offentleggjort før måndag, og det er nominsjonsmøtet den 8. desember som endeleg avgjer innhaldet på lista. Det er Gjermund Hagesæter som ser ut til å toppa lista, medan den tidlegare støtta til Gunnar Bakke i fylgje BT er i ferd med å smuldra opp. Andreplass på lista er å sjå på som sikker stortingsplass.