nov 032012
 

Hanne Haugland fekk gull og noregsmeistertittelen på 1.000-meter etter å ha slått Hege Bøkko og bronsevinnaren Sofie Karoline Haugen. Foto: Sander Hvammen.

Hanne Haugland gjekk heilt til topps i NM i einskilddistansar i Bjugn laurdag. Løparen slo konkurrenten Hege Bøkko med ein tidel, og vann tittelen med tida 1.21,89.

– Eg er veldig nøgd, seier hovudpersonen i ein kjapp kommentar før ho hastar avgarde til bankett for å feira gullet.