nov 092012
 

Heidi Hille Arnesen visar rå muskelstyrke og sikrar seg verdsrekord for yngre veteranar og bronsemedalje i open klasse. FOTO: Jørgen Haug

Austevolldama Heidi Hille Arnesen kunne ta med seg både verdsrekord og to VM-medaljar heim frå verdsmeisterskapet i styrkeløft i Puerto Rico.

Den råsterke tobarnsmora på 42 år sikra seg verdsrekord for yngre veteranar med eit løft på heftige 240 kilo i knebøy. Men det var ikkje det einaste ho løfta seg til i den karibiske varmen, heile to gongar var ho på sigerspallen med bronse i øvingane knebøy og markløft. 220 kilo var på stanga på markløftet og 145 kilo vart pressa opp i benkpress.

Totalt løfta Heidi 605 kilo, noko som er ein ny personleg og rekord.

Samanlagt i konkurransen kom ho på ein fjerdeplass i open klasse for kvinner 84kg.

–Det var stort å delta i VM, heilt klart årets høgdepunkt

 

Familieliv, jobb og trening

Heidi tråkka sine barnesko på Bakkasund og seier ho hugsar godt då ho sprang for Huftar, dreiv med kulestøt og løfta litt vekter med broren Roger Trones. Då eventyrlysta melde seg som sekstenåring flytta ho vekk frå Austevoll. No bur ho i Oslo med mann, to barn og jobbar til dagleg som barnevernspedagog. Styrkeløft er ein hobby for Heidi, men også ein livsstil.

–Det gjeld å heile tida pusha seg sjølv på treninga, tru på seg sjølv og at det går vegen. Sidan eg byrja med styrkeløft i 1998 har eg vore heldig å heldt meg skadefri og heile tida  blitt sterkare. Berre det siste året har ho persa seg sjølv med 27 kg som fylgje av eit hardare treningsprogram. At det ikkje er små rosa tokilos manualar Heidi pumpar med når ho trenar, kjem fram av den lange merittlista ho har opparbeida seg i idretten. Seinast i sommar vart ho krona til Noregsmeister og har til no komme opp i respektable ni NM-gull.

 

Stolte

Klubbleiar for kraftsport IL Hans Martin Arnesen seier at klubben til Heidi er stolt over  prestasjonane og innsatsen hennar både nasjonalt og internasjonalt.

–Det var eit knallhardt nivå i VM i Puerto Rico, men Heidi hadde heilt utrulege konkurransenervar og gav alt. Ho er heilt unik i Noreg for augneblikket, det er ingen andre damer som løfter 605 kilo.