nov 092012
 

Reiarlaget Hardhaus fekk beint medhald i tingretten.

Reiarlaget Hardhaus vart blankt frifunnen i Norhordland tingrett, etter å ha vorte ilagd 1 365 000 kr i inndragingsforelegg for ulovleg innblandig av torsk i loddefangsten. I tillegg vart skipperen på Hardhaus ilagd 40 000 kr i førelegg, som òg vart fråfalle i tingretten.

 

Saka skal ha dreia seg om 630 kilo torsk som forvilla seg inn i ein 500 tonns loddefangst, men i rettssaka kom det fram at langt større bifangstar går gjennom utan noko påpakningar. Førelegga vart skrivne 22. februar i 2010, men reiarlaget var aldri innom tanken på å vedta førelegga.
– Argumentasjonen bak førelegga var at me hadde ein bifangst på 129 kilo per tonn med lodde, og det var berre tillate med 35 kilo per tonn. Tingretten slo fast at det ikkje er noko regel nokon stad som seier dette, seier dagleg leiar i Hardhaus, Inge Møgster.

Den andre skuldinga som gjekk på at det ikkje er lov å fiska torsk med nót, vart og attendesynt med at regelen er meint på hovudfangst, ikkje bifangst.
– Me tykkjer det er ein stor siger, men dommen er ikkje rettskraftig enno, og det kan framleis verta anke, avsluttar Møgster.