nov 122012
 

Det føregår denne veka vegarbeid mellom Eidsbøen og Austevoll vidaregåande. Vegen er heilt stengt, noko som fører til at Tide sine bussar må kjøra på vestsida av Huftarøy.

– Bussane går, men me må laga reine naudløysningar mellom Vik og fiskarfagskulen. Passasjerar i desse områda vil verta sterkt skadelidande, seier avdelingsleiar for Tide Buss i Austevoll, Harald Otterå, til Marsteinen.