nov 152012
 

Austevoll vidaregåande skulen vil stå att med to fagtilbod om fylkesadministrasjonen får det som dei vil. Dessutan kan den tekniske fagskulen hengja i ein tynn tråd. Rektor Håvard Rabben meiner fylkespolitikarane vil sjå med kritiske augo på skulebruksplanen, og ivareta skuletilboda.

Rektor Håvard Rabben meiner at skulebruksplanen er særs svak, og har stor tru på at fylkespolitikarane kjem til heilt andre konklusjonar enn administrasjonen som har lagt han fram.

 

Austevoll vidaregåande skule kan fort sitja att med utdanningstilbod avgrensa til naturbruk og teknisk- industriellproduksjon, om fylkesadministrasjonen får det som dei vil. Tilbod innanfor studiespesialiserande, elektro, helse- og oppvekst, og grupper for særskilt tilrettelagt opplæring kan verta lagde ned. Bakgrunnen er skulebruksplanen for Hordaland, som legg opp til å slå saman ei rekkje studietilbod, leggja ned einskilde skular og sentralisera den tekniske fagskulen.

Kritisk rekor

Håvard Rabben, som styrer skuta ved Austevoll vidaregåande skule, er usamd med både premissane for skulebruksplanen og konklusjonane i han.

– Planen legg opp til å flytta yrkesskuleelevar frå distrikta der fagmiljøa er, inn til meir sentrale strok der skulane allereie slit enormt med å finna praksisplassar til elevane. Dette fører til enormt fråfall, eit problem me knapt opplever ved skulen vår, seier Håvard Rabben og peikar mellom anna på det gode samarbeidet med elektroverksemdene på øyriket. Dessutan stiller både reiarlag innanfor fiskeri og offshore opp med læreplassar innanfor dei nautiske faga.

– Tilsette ved skulen er trygge på at fylkespolitikarane veit at skulen i  Austevoll er del av den dynamiske og levedyktige næringsklyngja som Austevollamfunnet er. Elevar og studentar såleis har tilgang til det sterkaste og mest robuste fagmiljøet ein kan tenkja seg.

Austevoll vidaregåande skule har i dag 150 studentar og 62 fagskuleelevar. Om alle forslaga som ligg i bordet vert ståande, kan skulen stå att med 90 elevar.

 

Færre skular

Både det breie fagtilbodet ved den ordinære vidaregåande skulen og den tekniske fagskulen i Austevoll er altså i fare. Skulebruksplanen 2012-2024 ser mellom anna på trong for å kutta kostnadar, at fagtilboda vert styrka ved å samla dei på færre skular, lokalisering og reisetid for skuleungdommen. Leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide (Frp) seier at den politiske prosessen knapt har starta, men at det er trong for å gjera noko med den vidaregåande utdanninga i Hordaland.

– Dei fleste skulane er samde om at endring må til, berre ikkje på skulen deira. Me har mellom anna 42 vidaregåande skular, det er eit høgt tal. Rogaland som har om lag det same talet på elevar har 26 (sjekk), konstaterer Steinseide.

Håvard Rabben seier på si side at Hordaland har ein langt meir utfordrande geografi enn mange andre fylke, og at det å berre flytta elevar frå ein skule til ein annan for å auka lærarkreftene i eit klasserom er ei feilslutting.

– Skulebruksplanen er dårleg handverk, og burde ikkje vore tinga, heller, seier Rabben, og legg til at planen sin seriøsitet fell på eit lågmål når han føresler å flytta grupper som treng særleg tilpassa undervisning bort frå øykommunen. Han synest det er umenneskeleg både for elevane og foreldra.

– Planen tek ikkje opp i seg at det er menneske det handlar om, og ikkje berre økonomi og storleiken på lærarstaben, seier rektoren.

Utvalsleiar Stenseide peikar vidare på finansieringa av fagskulane, og vektlegg at Hordaland er eit av fylka med størst tyngde på denne sektoren. Skulebruksplanen si handsaming av fagskulane går ikkje like mykje i djupna som for den vidaregåande skulen, men føresler å samla tilboda ved ein institusjon.

– Det er klart at ei utdanning retta mot nautikk og fiskeri må liggja der miljøet er: I Austevoll, understrekar rektor Rabben. Han trur likevel ikkje på at den tekniske fagskulen, som utdannar nautikarar på høgaste nivå, vert flytta frå skulen.

 

Krevjande

Ordførar Helge André Njåstad, som òg representerer Framstegspartiet i fylkestinget, karakteriserer arbeidet med skulebruksplanen som krevjande. Mellom anna ligg det føre om lag 220 høyringsttaler.

– Det trengst hardt arbeid og fullt trykk frå fleire hald for å få eit vedtak som går i vår skule sin favør. Lukkelegvis tek fylkespolitikarane tre månadar ekstra for å landa denne saka i mars, konstaterer Njåstad.

Rektor Rabben slår fast at han set liten sin til fylkespolitikarane, som kjenner både geografien og trongen næringslivet i distrikta har for kompetent arbeidskraft.

– Det går sikkert an å flytta reine akademiske utdanningar til byar og meir tettbygde strók, men samstundes er det viktig for ein skule som vår å ikkje verta ein rein guteskule, som kan bli resultatet dersom dei breie tilboda for fyrsteåret forsvinn, seier Rabben.

 

Bærebjelkar

DOF ASA skriv i høyringsuttala si at det lokal skuletilbodet har vore ein viktig medspelar for reiarlaget, og understrekar at dette samarbeidet må halda fram og utviklast vidare. Fiskeri – og havbruksnæringens landsforening peikar òg på den solide stillinga skulen har innanfor fiskerifagleg utdanning og innanfor havbruk. Mellom andre Fiskeriforum Vest, Vestland Offshore, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Utdanningsforbundet Austevoll uttaler seg positivt til Austevoll vidaregåande skule som ein bærebjelke i lokalsamfunnet.

På lengre sikt konstaterer skulebruksplanen at det må vurderast om Austevoll vidaregåande skule er liv laga. Nedlegging av Austevoll vgs ville vore eit tiltak som kunne ha gjeve ein relativt stor økonomisk vinst, heiter det i rapporten.

av Trond Hagenes