nov 162012
 

Busskuret vart heilt øydelagt då den norskregistrerte bilen braste inn i det klokka 02:00 i natt.

Ein gut mellom 16 og 18 år øydela i natt ein bil han hadde ståle på ein bilverkstad på øyane. Etter at han med promille i blodet hadde pulverisert ein busskur ved Vinnes og vraka bilen, tok han seg til ein annan bil han fekk start på.

– Me søkte med hund, og pågreip ungdommen cirka klokka 03:30 i natt i ein ny bil, seier politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy til Marsteinen. Han fortel at ungguten vart teken blodprøve av og deretter kjørt heim til foreldra. Bjånesøy oppfordrar folk til å låsa bilane sine og i alle høve syta for at det ikkje står nøklar i tenninga, eller der dei er lett tilgjengelege.

Bjånesøy konstaterer at publikum er vortne meir medvitne kring promillekjørarproblema i det siste, og at dei får inn fleire tips om desse sakene.

 

 

 

 

  One Response to “Gutt stal to bilar – krasja i busskur”

  1. Greitt nok med nynorsk-ord i denne avisa, men «ståle» er eit særnamn. Det skrives stole.
    Skjerp dykk! De har betalt for dette.