nov 222012
 

Tysdag legg Framstegspartiet og Senterpartiet fram budsjettforslaget sitt for 2013, der dei fjernar eigedomsskatten.

 

Framstegspartiet allierer seg med Senterpartiet og fjernar eigedomsskatten.

Gruppeleiar Renate Møgster Klepsvik i Framstegspartiet synest det er ei lette å fjerna eigedomsskatten, slik fleirtalet i kommunestyret no altså ser ut til å landa på.

– Me har vore i mot skatten heile tida, og klart å leggja fram budsjett i balanse, sjølv utan å bruka denne. I forhold til rådmannen sitt budsjett, fjernar me mellom anna ein del ymseposter og reknar med ei lita innsparing på konkurranseutsettinga, seier Møgster Klepsvik til lokalavisa. Trass i fjerninga av den lokale tilleggsskatten reknar fleirtalskoalisjonen seg til at det er gode høve til å byggja opp ein buffer på fond til meir krevjande budsjettår enn 2013.

Senterpartiets gruppeleiar og varaordførar Edvard Johannes Stangeland er glad for å kunna gå saman med Framstegspartiet om å fjerna skatten.

– Eg vart jo i si tid kalla eigedomsskatten sin far, og fekk kaktus i bilen min frå folk. No vonar eg verkjeleg på ei blome i staden, smiler Edvard Johannes. Han legg til at det var nokolunde tverpolitisk semje om at skatten måtte takast bort når ein vart teken bort frå ROBEK-lista, som altså skjedde sist sommar.

 

Treng skatten

Opposisjonspartiet Høgre fremjar sitt eige budsjettforslag i formannskapet på tysdag, utan at det vert store endringar i eigedomsskatten.

– Me kjem til å redusera han litt, men samstundes må me vera veldig forsiktige grunna dei store investeringane me står overfor i skulesektoren. Difor vil me sjå uviklinga litt an. Det verste som kan skje er å fjerna skatten heilt, for så å verte tvungne til å gjeninnføra han att, seier Liv Bente Storebø, som arbeider aktiv med Høgre-framlegget.

Arbeidarpartiet trur det vert vanskeleg å løysa dei store investeringane innanfor skulesektoren utan eigedomsskatten.

– Eg var vanskeleg for å sjå for meg korleis me kan finne gode skuleløysingar nord i kommunen, utan bruk av eigedomsskatten, seier gruppeleiar Ingrid Møgster til lokalavisa.

Av Trond Hagenes